Hopp til hovedinnhold

Studiestaden Måløy

Oversiktbilde over Måløy

I Måløy er Fagskulen Vestland samlokalisert med den maritime og marine avdelinga til Måløy vidaregåande skule samt Sikkerheitssenteret i Måløy. Samlokaliseringa gjer at vi er ein del av eit sterkt fagleg miljø, med mykje maritim og marin kompetanse samla på ein stad. Studiestad Måløy når du på tel. 415 30690.

Studiestart 2024:

Oppstart er måndag 19. august klokka 10:00. Oppmøte i auditoriet. 

Det blir eit sosialt opplegg ein av dei første dagane ved studiestart, - de får fleire detaljer om dette ved oppstart. 

 

 

Utdanningar ved studiestad Måløy

 

Om studiestaden

Kystbyen Måløy ligg i Kinn kommune, i Nordfjord, nord i Vestland fylke.

Måløy har eit stort, variert og kompetent næringsliv. Her er mange eksportbedrifter og ein mangfaldig industri. Fleire fiskerirelaterte bedrifter og skipsverft i området har gått saman og danna Måløy Maritime Group. Mange unge innovatørar og gründerar har starta bedrifter innan ny teknologi i området. Det satsast også på grønn energi og landbasert oppdrett.

Naturen rundt oss byr på mange flotte opplevingar, Det er kort avstand til surfemiljøet i Ervik og Hoddevik. Ein kan også ta turen innover Nordfjorden, der finn vi bl.a. Sagastad, Hoven Skylift og fleire skianlegg.

Måløy har daglege anløp av Hurtigruta. Det går ekspressbuss til Oslo og ekspressbåt til Bergen fleire ganger om dagen. Til næraste flyplass brukar ein ca. 90 minutt.

Her kan du lese meir om noko av det som skjer i og rundt Måløy:

http://opplevmaloy.no/
https://www.maloyvekst.no/

Nyttige lenker:

- Sjøfartsdirektoratet

- OKFH (opplæringskontor for fiskeri og havbruk)

- Maritim opplæring 

- Opplæringskontoret for maritime fag

- Maritimt forum

- Norges Rederiforbund

- DNV (Det Norske Veritas)

 

Besøksadresse: 

Nordfjordvegen 9081, 6718 Deknepollen

Telefon nr. 415 30690