På Austevoll tilbyr Fagskulen Vestland marine og maritime utdanningar. Avdelinga vår er lokalisert på Huftarøy, der vi er samlokalisert med den vidaregåande skulen. Her har vi tilgang til toppmoderne bru-simulator og gode studentfasilitetar.
Studiestart 2024
Dekksoffiser: Oppstart er måndag 19. august klokka 10:00.
Vannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur: Oppstart er 28. august klokka 19:00. Første samling er digital. Detaljert undervisningsplan med oversikt over samlingar finn du på sida til studiet.
Det vil være eit sosialt opplegg ein av dei første dagane ved studiestart, - detaljar om dette vil de få ved oppstart.
Utdanningar ved studiestad Austevoll:
Om studiestaden
Studiestad Austevoll finn du på Huftarøy i Austevoll kommune. Fagskulen deler lokaler med Austevoll vidaregåande skole. Lokala er moderne med gode fasilitetar for læring. Vi har store undervisningslokale, utstyrt med E-beam tavler. Vi disponerer opplæringsfartøyet «Stø Kurs» i periodar i tillegg til nye navigasjonssimulatorar.
Austevoll er ein kommune med stor maritim næring både innan offshore og fiskeri som fagskulen har eit godt og nært samarbeid med. Dette bidreg til å sikre at fagskulen sitt mål om ei utdanning med høg yrkesrelevans vert teke vare på.
Studiestad Austevoll er sertifisert som «maritimt akademi» av Det norske Veritas og har godkjenning av NOKUT for å tilby dekksoffisersutdanning.
Besøksadresse:
Sauganeset 18, 5932 Storebø