Hopp til hovedinnhold

Studentar sette tiltaksgrad 3 på styresmaktene

Første kull som går ut frå utdanninga bygningssakkunnig for tilstandsanalysar.

Denne våren går første kull frå utdanninga Bygningssakkunnig for tilstandsanalysar ut i arbeidslivet. Dei feller ein hard dom over dagens system og ber styresmaktene ta grep.

– Å kjøpe bustad er den største investeringa ein gjer. Då er det viktig å få rett informasjon om bustaden. Vi gjekk gjennom hundre rapportar og fann feil i alle saman. Det er heftig med 100 prosent avvik.

Det seier Jan Petter Andersen, nyutdanna bygningssakkunnig frå Fagskulen Vestland. I hovudprosjektet han har gjennomført saman med Jan Olaf Andersen, Jørn Espen Rogn og Pål Arne Sigurdslid, etterlyser dei krav for å kunne kalle seg bygningssakkunnig.

Andersen meiner at mangelen på kompetansekrav opnar for at aktørar med for låg kompetanse operer på lik linje med dei som har høg kompetanse. Eit anna hovudprosjekt slår fast at denne variasjonen i kvalifikasjonar strir mot folk sine forventningar til dei som utfører bustadtaksering.

Folk forventar utdanningskrav

Jon Kristian Høiland, Gøran Nustad, Halvard Brottveit og Carl Magnus Håvemoen slår i sitt hovudprosjekt fast at det er ei vanleg misforståing at den som tilbyr bustadtaksering må oppfylle bestemte krav.

– Svara etter ei rundspørjing blant eit utval husstandar viste at alle trudde at bygningssakkunnig er ein beskytta tittel med krav om dokumentert utdanning. Dei ønskte også at det skal vere slik, seier Høiland til norsktakst.no.

I begge hovudprosjekta blir det peika på at fagskuleutdanninga gir eit komeptanseløft på viktige område som fuktskadar, byggskadar, mekanikk, geofag, geomatikk, bygningsfysikk, lovar, krav og standardar.

Begge meiner det må på plass krav til utdanning, gjerne på fagskulenivå.

Første med fagskuleutdanning

– Tilstandsrapportar er basert på visuell observasjon. Då skal du kunne forstå kva som ligg bak ut frå det du ser, det krevjer høg kompetanse og erfaring. Dei som går ut med ei fagskuleutdanning har ei heilt anna verktøykasse med seg, seier Andersen.

Bygningssakkunnig for tilstandsanalysar ved Fagskulen Vestland, er førebels den einaste i sitt slag i Noreg. Utdanninga er utvikla saman med Norges Eiendomsakademi (NEAK), som også arbeider med å utvikle ei eiga fagskuleutdanning.

Som student på første kull visste ikkje Andersen kva han kunne vente, men etter tre år er han svært nøgd med utbytet. Mangfaldet i yrkesbakgrunnar og moglegheiter for å lære av kvarandre, var ein av suksessfaktorane. Han er også godt nøgd med engasjerte og lyttande lærarar, som justerte den nye utdanninga undervegs for eit best mogleg resultat.

Bransjen ønsker kompetansekrav

I konklusjonen set Andersen og dei andre studentane tiltaksgrad 3 på styresmaktene som endå ikkje har makta å innføre kompetansekrav, sjølv om bransjen ber om det.

Daniel Ø. Helgesen, administrerande direktør i Norsk takst, stadfestar at dei deler ønsket om kompetansekrav:

– Dette har vi jobba for lenge. Det burde absolutt blitt innført då avhendingslova vart endra. Å få krav til kompetanse for bygningssakkunnige på plass, vil vere ei naturleg sluttføring av reforma for tryggare bustadhandel, seier Helgesen i artikkelen på norsktakst.no.