Hopp til hovedinnhold

Undersøkte sjuk og skada fisk

Bildet er eit foto av ein mann som skjer i ein fisk

Nyleg var studentane innan akvakultur samla på Austevoll. Samlinga var knytt til emnet fiskehelse og på programmet denne dagen stod undersøkingar av laks med skadar og sjukdom.

På den førre samlinga undersøkte studentane friske fiskar. Målet med denne samlinga er at studentane skal undersøke laks med skadar og/eller sjukdom for å identifisere og dokumentere avvika. Dei skal også ta ei rekke ulike prøver og sende desse inn til analysering.

Teori og praksis

Lektor Geir Johannessen, leiar samlinga og startar dagen med ein gjennomgang av kva som er på programmet. Deretter er det sett av litt tid til prat om rapportskriving og eksamensoppgåver. 

Men på dei fysiske samlingane er det det praktiske som står i fokus. Fremst i klasserommet står det eit stort kar, fylt med laksar med ulike skavankar, både innvendig og utvendig. Kvar student hentar seg ein fisk og startar arbeidet.

–Når vi er samla fysisk må vi nytte tida til det vi ikkje kan gjere digitalt. No er første steg å sjekke fisken nøye for sår og skadar på utsida. Deretter blir det å opne fisken og hente ut prøver frå ulike organ. For å sikre eit godt bilde av helsetilstanden til fiskane skal studentane ta både histologi- og PCR-prøvar (polymerase chain reaction) av det ein gjerne kallar «full organpakke». I dette ligg prøvar av hud, musklar, gjeller, hjarte, lever, tarmsystem, pankreas, milt og nyre. I tillegg skal det takast bakterieutstryk frå eventuelle sår eller nyre, forklarar Johannessen.Nyttar samlingane godt: Lektor Geir Johannessen seier at det er viktig å ha fokus på det praktiske når studentane er samla fysisk. Foto: Fagskulen Vestland

Tett på næringslivet

Når ein skal opne ein fisk og sikre seg organprøver er det mykje å halde styr på. Korleis bør ein eigentleg skjere i dei ulike organa? Korleis skal dei ulike prøvene behandlast og lagrast? Og korleis sikrar ein at alt gjeng føre seg sterilt?

Det kan vere greitt med ein demonstrasjon frå nokon som verkeleg har kontroll på dette. Anne Moberg Vossgård jobbar som fiskehelsebiolog hos Lerøy, men er jamt innleigd til Fagskulen Vestland for å undervise innan fiskehelse. Ho går igjennom dei ulike prøvene som skal takast, steg for steg, snitt for snitt. Studentane følger med og plukkar opp tips og råd, før dei går tilbake til sine eigne fiskar.

Demonstrasjon: Fiskehelsebiolog Anne Moberg Vossgård demonstrerer korleis ein samlar inn dei ulike prøvene som inngår i ein "full organpakke". Foto: Fagskulen Vestland

Når prøvene er sikra, er det berre ein ting som står att. No må det sendast inn ei analysebestilling til laboratoriet. Vossgård leier studentane gjennom bestillingsskjemaet og forklarar undervegs.

– Det hjelp lite å ha gode prøveeksemplar, dersom laboratoriet ikkje testar for dei rette tinga, forklarer Vossgård.

Neste gong studentane skal samlast på Austevoll er det resultata frå denne analysen som er tema.

–Særs relevant

Ein av studentane som er til stades på samlinga denne dagen er Jakob Neu. Han bur i Solund og jobbar som røktar på eit akvakulturanlegg.

– Det har vore ei god samling. Eg syns også at det var fint at vi på første samling fekk obdusere friske fiskar, slik at vi fekk sett korleis ting skal sjå ut når alt er i orden. Når vi no skulle obdusere fiskar med sjukdom og skadar, var det lettare for oss å legge merke til avvik. Eg er veldig interessert i fiskehelse og føler at dette er særs relevant for det eg jobbar med til dagleg. Som røktar er det viktig å følgje med på korleis fisken har det, og jo tidlegare ein kan fange opp og melde frå om eventuelle problem, jo betre er det seier Neu. 

Nøgd student: Jakob Neu jobbar som røktar og syns utdanninga er relevant for arbeidet han gjer. Foto: Fagskulen Vestland

Ein miks av teori og praksis

Jakob Neu trivst godt med tilværet som fagskulestudent og vil gjerne anbefale andre å følgje etter.

– Eg ønskte å auke min eigen kompetanse, men ville ha noko som kunne kombinerast med jobben. Då var denne utdanninga midt i blinken. Det er ein god miks av teori og praksis, og så er det veldig kjekt med samlingane. Ein får møtt andre som jobbar med det same og vi kan diskutere og lære av kvarandre. I tillegg er det eit godt sosialt miljø, til trass for at folk bur forskjellige stadar i landet. Eg vil absolutt anbefale det, avsluttar Neu.  

Om utdanninga

Utdanninga Vasskjemi, mikrobiologi og fiskehelse innan akvakultur består av tre ulike emne.

I vasskjemi får studentane grunnleggande kunnskap om kjemiske og fysiske prosessar som sikrar at fisk har gode vekstforhold og eit trygt miljø, samt utrekning og bruk av kjemikaliar med minimal miljøpåverknad.

I mikrobiologi er fokuset på forståinga av mikroorganismar som kan forårsake sjukdomar eller fremje vekst og helse hos marine artar, samt optimal drift og vedlikehald av biologiske filter.

Emnet fiskehelse omfattar studiar av sjukdomslære, mikrobiologi, genetikk og avl. Her skal studentane utvikle ferdigheiter og haldningar som fremjar god fiskehelse.

Her kan du lese meir om utdanninga