Hopp til hovedinnhold

Rekordtal for Fagskulen Vestland

1518 søkarar har Fagskulen Vestland som førsteprioritet i årets hovudopptak gjennom Samordna opptak. Dette er ein auke på 13,7 prosent frå hovudopptaket i 2023.

– Dette viser at Fagskulen Vestland løyser oppdraget sitt: Vi tilbyr utdanningar som arbeidslivet i Vestland har stort behov for, seier rektor Torbjørn Mjelstad.

Automatisering, elkraft og dei maritime utdanningane har særleg god søknad med flest studentar totalt. Utdanningane med størst vekst er:

Utdanning

Prosentvis auke

Dekksoffiser, Måløy

220 %

Lokal matkultur, Hjeltnes

125 %

Boring, Nygård

117 %

Automatisering, Førde

100 %

Psykisk helse- og rusarbeid, Nordnes

61 %

Automatisering, Nordnes

56 %

Maskinteknikk, Førde

50 %

Maskinoffiser, Nordnes

46 %

Anlegg, Førde

41 %

BIM - teknikar, Førde

36 %

Maskinteknikk, Nordnes

24 %

Maskinoffiser, Måløy

23 %

 

Utviklar utdanningstilbodet

Fagskulen Vestland har følgt opp prioriteringa frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og utvikla nye utdanningar innanfor helse- og velferdsfag og det grøne skiftet. Neste år blir det starta to nyvinningar:

  • Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre (Nordnes
  •  Grøn omstilling i byggebransjen (Førde)

Begge blir, i samsvar med fagskulen sin strategi, tilbydd som nett- og samlingsbaserte utdanningar for å nå studentar i heile Vestland.

– Ved Fagskulen Vestland er vi raske til å svare på behova som arbeidslivet melder frå om. No ser vi fram til å svare ut eit auka behov for etter- og vidareutdanning som resultat av årets lønnsoppgjer i frontfaga, seier Mjelstad.

Kontaktinformasjon:

 

Torbjørn Mjelstad, rektor

Telefon: 97142081

Oddmund Klakegg, styreleiar

Telefon: 99202661