Tidlegare denne veka var det duka for maritim karrieredag ved vår studiestad på Nygård i Bergen. Det er ikkje tvil om at dei maritime studentane våre er ettertrakta i marknaden.
Tradisjonen tru vart det også i år arrangert maritim karrieredag ved studiestad Nygård. Dagens program starta med korte presentasjonar av 13 ulike reiarlag og maritime arbeidsgivarar. Her fekk dei synt fram kva dei arbeidar med, kva planar dei har for framtida og ikkje minst kva dei har å tilby nyutdanna arbeidssøkarar med maritim kompetanse.
Godt oppmøte: Det var full sal då reiarlaga og dei maritime arbeidsgivarane presenterte seg. Foto: Fagskulen Vestland.
Stands og lynintervju
I gymsalen hadde reiarlaga rigga seg til med stands og ulike installasjonar. Her kunne studentane oppsøke dei arbeidsgivarane som hadde pirra interessa i presentasjonsrunden og få meir informasjon. Mot slutten av dagen var det også sett av tid til «lyn-intervju» for dei studentane som ønskte dette.
Ein viktig rekrutteringsarena
Torghatten Nord var eitt av reiarlaga som var til stades denne dagen. Dei driv kollektivtrafikk på sjøen i Nordland og Troms, men også ferjesambandet Halhjem – Sandvikvåg i Vestland. Navigatør i Torghatten Nord, Marius Theis, var tydeleg på at det er særs viktig å vere til stades på slike arrangement.
– Det er viktig å promotere ferjenæringa, sidan vi skil oss litt frå mange andre ved at vi er såpass lokale. Mykje manøvrering, nærleik til heimen, gode fritidsordningar og turnusordningar er noko av det vi kan by på. Studentane er framtida, det er viktig for oss å kome i kontakt med dei og vise at ferjenæringa også har noko å by på, seier Theis.
Treng mykje folk
Felles for dei fleste arbeidsgivarane som var til stades denne dagen er at alle treng folk med rett kompetanse. Og behovet berre aukar.
Cecilia Fritzman, marine hr associate, i reiarlaget Wilhelmsen er tydeleg på at dei treng mykje folk i åra som kjem.
– Det er viktig for oss å vere til stades her. Vi skal utvide ein heil del dei neste ti åra og då treng vi mykje folk. Eigaren vår er også oppteken av å bruke nordisk arbeidskraft så langt som råd. Vi tilsett mykje frå kadettprogramma og er veldig interesserte i å vise oss fram her, seier Fritzman.
På jakt etter folk: Cecilia Fritzman og kollegaen i Wilhelmsen reiarlag var på jakt etter nye dyktige medarbeidarar. Foto: Fagskulen Vestland
Nyttig å få oversikt over tilboda
To av studentane som var på plass denne dagen var Bruna Komaki og Tobias Walle, som begge er førsteårsstudentar ved dekksoffiserutdanninga ved studiestad Austevoll. Dei var samde i at karrieredagen er eit nyttig arrangement som gir verdi til studentane.
- Eg har snakka med nokre her allereie. Det er veldig greitt å få litt oversikt over kva moglegheiter som finst, seier Walle.
Dei to er i alle fall samde om ein ting: dei vil ut på tur og ønsker seg turnusar med litt lengde.
– Ti veker på og ti veker av tenker eg høyres bra ut, seier Komaki.
Ettertrakta: Dekksoffiser-studentane Bruna Komaki og Tobias Walle vil vere særs ettertrakta arbeidstakarar når dei går ut frå Fagskulen Vestland. Foto: Fagskulen Vestland