For å sikre ei berekraftig vekst i akvakulturnæringa, er det avgjerande at framtidas fagarbeidarar har den naudsynte kompetansen til å møte dei teknologiske og biologiske utfordringane sektoren står overfor.
Fagskulen Vestland har difor fått nærare ein million kroner frå Vestland fylkeskommune si tilskotsordning for berekraftig verdiskaping til prosjektet HavbruksHorisont, som skal møte utfordringar knytt til dyrevelferd og vasskvalitet innan akvakulturnæringa. I innstillinga står det mellom anna at søknaden treff svært godt på måla og prioriteringane for utlysinga, at det er stor samfunnsmessig interesse for å løyse utfordringane knytt til oppdrettsnæringa, og at prosjektet såleis har stort verdiskapingspotensial.
Gjennom det nye prosjektet vil Fagskulen Vestland spele ei viktig rolle i kompetanseutviklinga av næringa, og samtidig styrke regionen sin posisjon som ein leiande utdanningsaktør innan havbruk.
Nye utdanningstilbod for framtidas fagarbeidarar
Akvakulturnæringa er ei av Norges viktigaste eksportnæringar, med ein verdi på over 110 milliardar kroner i 2022. Med over 52 000 tilsette nasjonalt, kor mange av desse er i Vestland fylke, er det avgjerande at sektoren har tilgang til kvalifisert arbeidskraft. Samtidig står næringa overfor fleire utfordringar, spesielt knytt til høg dødelegheit i oppdrettsnæringa, og behovet for auka kompetanse er viktig for ein sektor som er i rask utvikling.
Ein sentral del av prosjektet er utviklinga av eit nytt emne på 10 studiepoeng, som skal innlemmast i fagskulen sitt eksisterande akvakulturprogram på 30 studiepoeng. Dette emnet vil fokusere på sensorteknologi og PLS-styring, som mellom anna vert brukt for å overvake vasskvalitet, temperatur, oksygennivå og fiskehelseindikatorar i både resirkulerande akvakultursystem (RAS) og matfiskanlegg. Ved å utdanne fagarbeidarar til å handtere og vedlikehalde avanserte styringssystem, vil det nye tilbodet bidra til auka produktivitet, betre fiskevelferd og redusert miljøbelastning, og på den måten leggje til rette for ei meir berekraftig utnytting av havressursane.
– Vi er utruleg glade for at prosjektet HavbruksHorisont har fått midlar frå Vestland fylkeskommune! Denne støtta vil gi Fagskulen sin avdeling i Austevoll eit betydeleg løft ved å heve kvaliteten på utdanninga, samtidig som studentane får verdifull erfaring med toppmoderne teknologi som er relevant for framtidas havbruksnæring, jublar lærar Geir Tangstad Johannessen, som vil leie prosjektet, og Håvard Endre Waage, som er avdelingsleiar for Fagskulen sin studiestad i Austevoll.
JUBLAR: Geir Johannessen og Håvard Endre Waage er særs nøgde med at prosjektet HabruksHorisont har fått midlar frå Vestland fylkeskommune. Foto: Fagskulen Vestland
I dette prosjektet vil Fagskulen Vestland samarbeide tett med leverandørindustrien, bl.a. Fluctus, i tillegg til Austevoll vidaregåande skule. Dette partnarskapet sikrar at utdanninga held høg standard og reflekterer dei faktiske behova i bransjen. Prosjektet vil ikkje berre bidra til betre utdanning, men også fremje meir berekraftige praksisar i havbruksnæringa. For å sikre rekruttering til den nye utdanninga, vil Fagskulen Vestland lansere ein brei marknadsføringskampanje fram mot opptaksfristane dei neste åra.
Samla sett vil HavbruksHorisont vere eit viktig steg mot ei grønare og meir digital framtid for havbruksnæringa, samtidig som det bidreg til å sikre trygge arbeidsplassar og høg verdiskaping i Vestlandsregionen.