Hopp til hovedinnhold

Fagskulen Vestland og VIA Horsens inngår ny samarbeidsavtale

Bildet viser campusområdet til VIA Horsen i Danmark.

Byggavdelinga ved Fagskulen Vestland, studiestad Nordnes, har gjennom ei rekke år hatt ei overgangsordning for studentar som vil studere vidare på høgskulen VIA Horsens i Danmark. I samband med eit institusjonsbesøk i førre månad, blei denne avtala fornya. Den gir bygg-studentane våre moglegheit for å ta ein dansk bachelorgrad!

Høgskulen VIA er ein profesjonshøgskule som tilbyr ei rekke ulike profesjonsutdanningar. På studiestaden i Horsens tilbyr VIA ei brei portefølje av utdanningar, til dømes sjukepleie, ingeniør, pedagogikk, marknadsføring og bygningskonstruktør.

Lærerikt besøk og spennande samarbeid

Utdanningsleiar Atle Østrem reiste i april saman med elleve lærarar frå Bygg/KEM-avdelinga ved Fagskulen sin studiestad på Nordnes i Bergen til VIA Horsens på ein jobbskyggings-tur. Eit anna mål med turen var å signere ein ny intensjonsavtale institusjonane imellom. Denne bygger på ein tidlegare avtale, men er fornya slik at den i større grad samsvarer med oppdaterte studieplanar ved byggutdanningane ved begge skulane.

Den norske gruppa blei godt motteken i Horsens, og gjennom to arbeidsdagar fekk dei observere undervisning og studentarbeid, og delta i rettleiing og gruppearbeid. Dei fekk ein grundig gjennomgang av kompetansekrava og forventningane til norske studentar som søker overgang til studium i Danmark. Vidare fekk dei besøkande ei innføring i bruken av teikne- og modelleringsprogrammet Revit, som er mykje brukt innan prosjektering og BIM (Bygningsinformasjonsmodellering). Nye krav knytt til grøn omstilling, som til dømes energieffektivisering, miljøsertifisering og gjenbruk av bygningsdelar vart også diskutert.

Atle Østrem fortel at byggstudentane i Horsens arbeider på ein måte som liknar det ein gjer på Fagskulen Vestland, med prosjektarbeid som reflekterer reelle byggeprosjekt og utfordringar dei vil møte i arbeidslivet.

– Det blei mange lærerike erfaringsutvekslingar om organiseringa av undervisninga. Møtet med studentrepresentantar frå skulen, som var varme tilhengarar av problemorientert læring som undervisningsform, var spesielt inspirerande. Viktigheita av kunnskapsdeling og informasjonsflyt mellom studentar i gruppearbeid vart også framheve, fortel Østrem.

Inspirerande tur: Utdanningsleiar Atle Østrem fortel om ein lærerik tur til VIA Horsens i Danmark. Foto: Fagskulen Vestland

Frå fagskuleutdanning til bachelorgrad

Avtalen som no er inngått, opnar for at studentar som har bestått 2-årig fagskuleutdanning i Bygg i Bergen, kan søke overgang til 4. semester på bachelorutdanning i «Bygningskonstruktør» i Danmark. Dette er ein profesjonsbachelor på til saman 7 semester som gir studentane ferdigheiter og kompetanse til å prosjektere, planlegge, utføre og stå for drifta av små og større byggverk. Utdanninga gir og god innsikt i prosjektleiing med digitale verktøy.

Prorektor for organisasjon og samhandling ved Fagskulen Vestland, Adeline Berntsen Landro, er særs nøgd med den nye avtalen.

– Internasjonalt samarbeid og mobilitet er ei viktig satsing for oss, og avtalen som byggavdelinga har fått til her er svært god for studentane våre. Ei overgangsordning som gir bygg-studentane ei vesentleg avkorting til ein bachelorgrad syner at utdanninga vi gir held høg kvalitet, seier Landro.

Les meir om utdanninga Bygningskonstruktør ved VIA Horsens.

Problemorientert læring

Utdanningsleiar Atle Østrem fortel at besøket ved VIA Horsens har inspirert til å vidareutvikle problemorientert læring med prosjektarbeid som undervisningsform.

– I tida framover vil vi arbeide vidare med å forberede og motivere studentane våre til å nytte seg av overgangsordninga til ein dansk bachelorgrad innan bygningskonstruksjon. Det danske samarbeidet er på denne måten med på å styrke studietilbodet vårt og å gjere våre studentar enda meir kompetente for framtidas bygg- og konstruksjonsbransje, avsluttar Østrem.

Reisa til Danmark vart finansiert av mobilitetsmidlar frå Erasmus+-programmet.