Hopp til hovedinnhold

KEM - Klima, energi og miljø i bygg - Nordnes Bergen

To personar som ser på ei tavle

Er du interessert i ei tverrfagleg utdanning med gode jobbmoglegheiter? Då er klima, energi og miljøteknikk det rette valet for deg.

Studiestad: Nordnes
Utdanningsform: 
Nettbasert med samlingar, deltid
Studiepoeng: 
120
Varigheit: 3 år på deltid
Studieplan: KEM – Klima, energi og miljø i bygg Nordnes

Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024

SØK HER!

Krava til korleis løysingar for inneklima, energieffektivitet og miljø i bygg blir stadig strengare. Derfor er kompetanse om energieffektive varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg meir og meir ettertrakta.

Kompetanse og jobbmogelegheiter

Som student ved KEM-utdanninga ved studiestad Nordnes i Bergen får du opplæring i BIM med modelleringsprogrammet Revit i samspel med konstruksjon og prosjekteringsprogrammet MagiCAD.

Du får også tilgang til eit av landets mest avanserte laboratorium for energiforsyning og klimakontroll av bygg. Laben vår på Nordnes er læringsarena for VVS-faga og møteplass for tverrfagleg samarbeid med bygg, elektro og byggautomasjon.

Saman med simuleringsprogrammet Simien, gir laben eit solid grunnlag for prosjektering etter gjeldande forskrift for energibruk i bygg. Du får kompetanse til å handtere dei strenge krava som byggebransjen møter med omsyn til grøn omstilling, berekraft og energieffektive bygg.

Som fagskuleingeniør i KEM, vil kompetansen din vere etterspurd både i privat og offentleg sektor. Det er moglegheit for å få interessante stillingar innan ulike bransjar, til dømes VVS, kulde, elektro og eigedomsdrift.

Etter studiet skal du vere kvalifisert til å søke stillingar som byggeleiar, prosjektleiar, konsulent, eigedomsforvaltar, saksbehandlar, eller til å starte eiga bedrift.

Dersom du har eller tar praktisk-pedagogisk utdanning, kan du også arbeide som faglærar i vidaregåande skule.

Fullført studium kan blir brukt som del av ein bachelorgrad ved enkelte høgskular.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Utdanninga består av åtte emne, inkludert hovudprosjekt.

Studiet er på 120 studiepoeng og gjennomføringsmodellen er slik:

  • Tre år på deltid, nettbasert med samlingar på Nordnes.
    • Det er tre samlingar kvart semester.
    • Kvar samling varer ei veke med 40 undervisningstimar.

Vi forstår at du kan ha jobb, familie og andre forpliktingar. Studia våre er derfor laga slik at dei er moglege å gjennomføre ved sidan av andre livsroller. Vi fører ikkje fråvær, og obligatorisk oppmøte gjeld kun for arbeidskrav som laboratorieoppgåver, gruppepresentasjonar, eller deltaking i prøvar og eksamenar.

Samlingane på skulen vil innehalde mykje praktisk arbeid, bedriftsbesøk og demonstrasjonar. Mellom samlingane blir det brukt ulike former for nettundervisning.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • automatiseringsfaget                                                                  
    • byggdrifterfaget                                                            
    • elektrikarfaget
    • energimontørfaget
    • energioperatørfaget
    • industrimekanikarfaget
    • industrimontørfaget
    • industrirøyrleggjarfaget
    • isolatørfaget                                                                                  
    • kulde-og varmepumpemontørfaget    
    • røyrleggjarfaget
    • tak- og membrantekkerfaget
    • tømrarfaget
    • ventilasjons- og blekkslagarfaget
  • realkompetanse
Realkompetanse

Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande.  Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her