Hopp til hovedinnhold

Tilrettelegging

Som student kan du søke om individuell tilrettelegging dersom du har ei funksjonsnedsetting, eller andre særskilte behov.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med sosialpedagogisk rådgjevar Mirjam Lundhaug.

Send epost

Du har rett til å søke om tilrettelgging ved eksamen/vurdering og undervisning/studieløp.

Tilrettelegginga skal ikkje føre til reduksjon av dei faglege krava, men skal hjelpe deg til å gjennomføre dersom du har funksjonsnedsetting eller særskilde behov. 

Eksempel på tilrettelegging er: 

  • tilrettelagde prøver og eksamenar
  • tilrettelagd undervisning
  • utsetting på oppgåvefristar
  • oppfølgingssamtalar
  • individuell tilrettelegging av/på studiestad

Søknad om tilrettelegging skjer i Visma InSchool, og er avhengig av at du har fått oppretta ein brukar. Søknad om fritak gjer du difor først etter studiestart. Om du har behov for tilrettelegging som må være på plass til studiestart, ønsker vi at du tar kontakt med oss når du har takka ja til studieplass. Då kan vi ha alt på plass i rett tid. 

Det finst også fleire offentlege tilbod som kan bidra til å gjere kvardagen din enklare:

  • Studentsamskipnaden Saman tilbyr blant anna studentrådgjeving, studentbustader, helsetenester og aktuelle kurs.
  • Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek (NLB) produserer litteratur i alternativt format for blinde og synshemma studentar. 
  • NAV har fleire aktuelle tenester som for eksempel hjelpemiddelsentral, lese- og skriveverktøy. Dei tilbyr også mentorordning for studentar som har behov for ekstra oppfølging.