Få uavhengig hjelp frå studentombodet
Studentombodet si oppgåve er å vareta studentane sin rettstryggleik.
Som student kan du få råd, rettleiing og hjelp i saker som gjeld til studiesituasjonen din. Du kan også kontakte studentombodet om tilhøve som er, eller kan vere, kritikkverdige.
Døme på hjelp du kan få er:
- Råd og rettleiing i klagesaker.
- Råd og rettleiing i saker om fusk, skikkavurdering, bortvising og liknande.
- Hjelp dersom ein studnet er blitt trakkasert av medstudentar eller tilsette.
- Kurs om studentar sine rettar for studentorgana ved fagskulen.
- Juridisk vurdering av sakshandsaminga i saker som gjeld studentar.
Som tilsett kan du også ta kontakt med studentombodet om kritikkverdige tilhøve som gjeld studentane sin studiesituasjon. Der kan du få rettleiing om studentane sine rettar og rettleiing om reglar for sakshandsaming av studentsaker.
Kontakt studentombodet
Fagskulen Vestland har samarbeid med Universitetet i Bergen om studentombod.
Det må gjerast avtale om konsultasjon via e-post eller telefon på førehand.
Telefon: 482 86 130
Teieplikt og konfidensialitet
Studentombodet har teieplit om tilhøve som studentar og tilsette tar opp. Studentombode er ein uavhengig bistandsperson som studentane kan diskutere saker med, utan at det blir kjent for andre i fagskulen.
Partstilhøve og avgjerdsmynde
Studentombodet gir uavhengig rådgjeving og saksgjennomgang. Ombodet er ikkje representant på vegne av eller for studentane i enkeltsaker.
Studentombodet er eit rådgjevande organ og fattar ikkje vedtak i enkeltsaker.