Hopp til hovedinnhold

IT-informasjon

Brukarkonto

Brukarkontoen din gir deg tilgang til dei fleste av Fagskulen Vestland sine system.

  • Når vi har registrert deg inn som student, vil du motta ei tekstmelding frå Vestland fylkeskommune.
  • Meldinga inneheld brukarnamnet ditt og ein aktiveringskode.
  • Koden er gyldig i 14 dagar.
  • Slik aktiverer du brukarkontoen:
    • Gå inn på passord.vlfk.no og klikk på «Aktiver brukarkonto».
    • Fyll inn brukarnamnet og aktiveringskoden du fekk tilsendt i tekstmeldinga.
    • Skriv inn koden du ser på skjermen og vel «Gå vidare».
    • Fullfør resten av stega.
  • Systemet brukar litt tid på å oppdatere seg, så vent gjerne ein halv time før du prøver å logge deg inn første gong.

Gå til aktivering av brukarkonto

Har du brukarkonto frå før? Eller gløymt passord?

Dersom du nyleg har vore elev i Vestland fylkeskommune kan det vere at ein brukar allereie er registrert på deg. I så fall vil du ikkje motta tekstmelding med aktiveringskode. I staden skal du gå inn på passord.vlfk.no og velje «Gløymt/Endre passord». Same stad går du om du har gløymt passordet ditt.

Studentbevis

Fagskulen brukar digitale studentbevis i appen PocketID. Du lastar ned appen frå App Store eller Google Play.

Du brukar også PocketID som digital nøkkel for å få tilgang til undervisningsbygga.

Tilgang til trådlaust internett

Du loggar på trådlaust internett på studiestaden med brukarkontoen din. Sjå ovanfor.

PC-anbefalingar

  • Du finn minstekrav for maskinvare under «Krav til maskinvare» på nettsida til di utdanning. Dersom ingenting er oppgitt, vil ein vanleg moderne PC vere godt nok.
  • Det er ikkje anberfalt å bruke ein PC som er eldre enn 4 år.
  • Fagskulen anbefalar bruk av ein PC med operativsystem Windows 10 eller 11 i 64bit-versjon.
  • Fagskulen Vestland anbefaler ikkje bruk av Mac.
    • Vi har ikkje brukarstøtte frå IKT-staben på Apple-produkt. Vi anbefaler heller ikkje Chromebook, då mange utdanningar har programvare som berre fungerer på maskiner som køyrer Windows.
    • Apple sin Prosessor Chip i M-serien (ARM) med Windows i eit virtuelt miljø, vil ikkje fungere med alle programma Fagskulen Vestland bruker.

  • av-test.org finn du anbefalt programvare for antivirus.
  • Unngå PC-frå jobben
    • Hugs at du treng administratortilgang for å installere mange av programma som fagskulen brukar. Mange arbeidsgjevarar gir ikkje slik tilgang.
    • Dersom det blir lisensrevisjon på arbeidsplassen din, vil studentversjonar av programvare ikkje vere godkjent på ein arbeids-PC.