Hopp til hovedinnhold

Søk med yrkesfagleg vidaregåande utdanning

Hovudregelen hos fagskulane er at du må ha relevant fagbrev eller sveinebrev. Nokre utdanningar har også opptak med relevant vitnemål frå vidaregåande opplæring.

Du finn alle relevante fagbrev/sveinebrev og vitnemål lista opp under «Opptak» på nettsida til kvar enkelt utdanning.

Finn di utdanning her

Slik søker du med bestått fagbrev/sveinebrev eller vitnemål

  1. Finn ut om du har relevant fagbrev eller vitnemål for utdanninga du vil søke på.
  2. Finn utdanninga du vil søke på i søknadsportalen til Samordna opptak.
  3. Vel Norsk vidaregåande skule som utdanningsbakgrunn og send inn søknaden.
  4. Etter du har sendt inn søknaden, skal du laste opp relevant dokumentasjon inne i portalen til Samordna opptak.

Du skal laste opp:

Alle relevante fagbrev/sveinebrev

Vitnemål/kompetansebevis

Attest/bevis på at du fyller eventuelle tilleggskrav

 

Du kan få tilleggspoeng dersom du lastar opp attest på relevant yrkespraksis utover opptakskravet, dersom du har fleire relevante fag- eller sveinebrev, eller dersom du har fått «Meget godt bestått».

Les meir om berekning av poeng hos Samordna opptak

Slik søker du før du har bestått fag- eller sveineprøve

Skal du opp til fagprøve/sveineprøve etter søknadsfristen? Du kan få opptak på vilkår om bestått fag- eller sveineprøven i løpet av første semester etter opptak.

For å søke opptak på vilkår om bestått fag- eller sveineprøve, må du bestå prøven i løpet av første semester etter opptak. Det vil seie før jul det året du får opptak til fagskuleutdanning.

  1. Søk på same måte som om du har bestått fag- eller sveineprøva.
  2. Har du sein oppmelding til fag- eller sveineprøve, må du laste opp ein kopi av lærekontrakten din. Er du allereie meldt opp, lastar du opp stadfesting på dette.
  3. Etter du har bestått fag- eller sveineprøven, må du levere dokumentasjon på dette til Fagskulen Vestland. Du er sjølv ansvarleg for å sende dokumentasjon til fagskulenvestland@vlfk.no innan fristen for å behalde studieplassen.

Hugs at vitnemål, andre relevante fagbrev og yrkeserfaring kan gje ekstra poeng.

Manglar du relevant fagbrev/sveinebrev eller vitnemål kan du få opptak basert på kunnskap og erfaring – såkalla realkompetanse.

Les om realkompetanse

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no