Søk med utdanning frå utlandet
Har du bestått og fullført relevant utdanning i utlandet, kan du vere kvalifisert til å søke opptak til fagskule i Norge.
Søkarar med utdanning frå land utanfor Norden, kan søke med relevant dokumentasjon som er godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Krav til kompetanse i norsk
- Dersom utdanninga er frå eit nordisk land, kan du søke utan å dokumentere kompetanse i norsk.
- Dersom utdanninga er frå eit ikkje-nordisk land, og undervisinga skjer på norsk, må du dokumentere kompetanse i norsk på ein av følgande måtar:
- Bestått norsk med 393 timar frå vidaregåande opplæring.
- Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta.
- Bestått eksamen frå 1-årig utdanning i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar.
- Bestått Bergenstest.
- Bestått norskprøve på nivå B2 (avansert) i alle dei fire delprøvene.
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no