Hopp til hovedinnhold

Søk med erfaring som gir realkompetanse

Ordet realkompetanse betyr erfaring. Du kan altså ha erfaringarar som gir deg rett til opptak med realkompetanse. I vurderinga ser Fagskulen Vestland på om det du har lært deg gjennom livet, kan erstatte noko av det du elles ville ha lært deg gjennom utdanning.

Kva er realkompetanse?

Med realkompetanse meiner vi kunnskap, ferdigheiter og kompetanse som du har skaffa deg gjennom ulike erfaringar. For at erfaringene skal reknast som realkompetanse, må dei vere relevante for utdanninga du søker på.

Du kan ha lært mykje gjennom:

  • Jobb: Jobberfaring, verv, frivillig arbeid, førarkort, sertifiseringar, kurs og opplæring du har fått gjennom jobb.
  • Skule: Grunnskule, vidaregåande skule, høgskule, universitet, fagskule, folkehøgskule eller militæret.
  • Fritid: Fritidsinteresser, familieliv og omsorg for familiemedlemmer, språk du kan, og liknande.

Relevant arbeidserfaring er viktig i realkompetansevurderinga for opptak til fagskuleutdanning.

Formell, ikkje-formell og uformell kompetanse

Formell læring:

  • Organisert læring som skjer i det formelle utdanningssystemet: barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet.

Ikkje-formell læring

  • Organisert læring som skjer utanfor det formelle utdanningssystemet.
  • Dette kan vere kurs, seminar, frivillig arbeid og liknande.

Uformell læring

  • Alt det du lærer, sjølv om du ikkje har ein plan om å lære.
  • Dette kan vere haldningar, vurderingar, ferdigheiter og kunnskap som du tileignar deg gjennom daglege aktivitetar i familien, med venner og gjennom media.

 

Formell og ikkje-formell læring kan du dokumentere med attestar, vitnemål og kompetansebevis. Uformell læring kan du gje uttrykk for i eit eige skriv der du trekker fram livserfaringar du meiner er relevant for utdanninga du søker opptak til.

Krav for opptak med realkompetanse:

  • Du må vere fylt 23 år eller meir i opptaksåret.
  • Erfaringane dine må vere relevante for utdanninga du søker opptak til og gje deg kompetanse som er likeverdig med fagbrev, sveinebrev eller relevant vitnemål.
  • Søkarar utan vidaregåande skule må vise til realkompetanse i fellesfaga for Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege utdanningsporgram. Kompetanse i norsk må dokumenterast med bestått norsktest på nivå B2.
  • Nokre utdanningar har tilleggskrav som alder, yrkeserfaring eller kompetansebevis.

I søknaden skal du laste opp:

  • Attestar på relevant yrkeserfaring med
    • tidsperiode
    • kort skildring av arbeidet
    • stillingsprosent
    • signatur frå arbeidsgjevar
  • Vitnemål, kompetansebevis, autorisasjon, kursbevis og liknande.
  • Dersom studiet har spesielle opptakskrav, til dømes kompetansebevis eller yrkeserfaring, må du dokumentere at du fyller desse.
  • Har du uformell relevant erfaring/kompetanse, kan du formulere dette i eit eige skriv.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no