Søknad og opptak
For å studere ved Fagskulen Vestland må du dekke opptakskravet. Dei fleste utdanningane krev at du har fag-/sveinebrev eller treårig yrkefagleg opplæring som er relevant for utdanninga. Nokre utdanningar har tilleggskrav. Det er også mogleg å søke med realkompetanse dersom du ikkje fyller det formelle kravet, men har relevant kunnskap og erfaring.
Når du skal søke opptak til ei utdanning ved Fagskulen Vestland, gjer du det elektronisk via www.samordnaopptak.no.
Søkandsportalen opnar 1. februar. Siste frist for å søke og laste opp dokumentasjon er 15. april.
Samordna opptak sender ut svar på søknadane 25. mai.
Kva du skal dokumentere kjem an på bakgrunnen din. Nedanfor finn du informasjon om korleis du søker med vidaregåande yrkesfagleg opplæring (fagbrev, sveinbrev, vitnemål), realkompetanse (erfaring), eller utdanning frå utlandet.
Klage på opptak
Meiner du det er gjort feil i handsaminga av søknaden din? Då har du rett til å klage.
Du kan klage på opptak ved å sende ein e-post til skulen på fagskulenvestland@vlfk.no. Klagen blir handsama av den lokale klagenemnda for Fagskulen Vestland.
Les meir om klage på opptak her
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no