Ledige studieplassar
Frå 31. mai kan du søke på dei ledige studieplassane våre for haustens hovudopptak. På denne sida finn du også utdanningar som ligg ute med lokalt opptak no.
Ledige plassar i hovudopptaket
30. mai blir eventuelle ledige studieplassar publiserte via Samordna opptak. 31. mai klokka 09:00 blir det opna for søking på desse studieplassane.
Det er løpande opptak, så her gjeld det å vere raskt ute. Det er også viktig at du lastar opp relevant dokumentasjon saman med søknaden din.
Merk at det kan bli lagt til nye studieplassar på lista også etter 30. mai.