Hopp til hovedinnhold

Kostnader

Studieavgift

  • Studentar ved nett- og samlingsbaserte utdanningar betaler ei studieavgift på 3.000 kroner per semester, i tillegg til semesteravgifta.
    • Studentar ved dei helsefaglege utdanningane, og utdanninga Lokal matkultur, er unntatt frå denne avgifta.
  • Studentar ved stadbaserte heiltidsutdanningar betaler ikkje studieavgift.

Fristen for betaling av studieavgifta er sett til 30. septemberr for haustsemesteret, og 1. februar for vårsemesteret. Skal du ikkje studere hos oss likevel? Då må du melde frå til oss før betalingsfristen.

Semesteravgift

  • Fagskulen Vestland er medlem i studentsamskipnaden på Vestlandet, Saman.
  • Alle studentar skal betale semesteravgift til Saman, avgifta er sett til 650 kroner per semester.
  • Fagskulen fakturerer studentane for semesteravgifta etter studiestart.

Materiell og utstyr

  • Studentane må sjølv dekke kostnader knytt til bøker, kalkulator, PC, lisensar, og liknande.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no