Hopp til hovedinnhold

Skriftleg skuleeksamen

Under den skriftlege skuleeksamenen må du rette deg etter dei instruksane som blir gitt i eksamenslokalet.

Til dømes:

  • Du må pakke vekk det du ikkje skal bruke og legge det på tilvist stad. Dette gjeld til dømes yttertøy, sekkar, vesker og liknande. Mobiltelefon, hovudtelefonar, smartklokke og anna elektronisk utstyr som ikkje skal brukast under eksamen, må du slå av eller sette i flymodus og pakke ned. Slikt utstyr skal ikkje oppbevarast i lommar eller ved pulten.
  • Studentkort eller gyldig legitimasjon med bilde skal ligge på pulten under heile eksamenen.
  • Mat og drikke kan du ha på eller ved pulten under heile eksamenen. Du kan ete og drikke når du sjølv ønsker det, men pass på at du ikkje forstyrrar andre studentar som sit rundt deg.

Andre hjelpemiddel enn det som er tillatne på eksamen vil bli inndratt, og eventuelle funn av slike hjelpemiddel vil bli handtert som fusk eller forsøk på fusk og vil meldast videre til Fagskulen Vestland.Gå til: Retningslinjer for handsaming av fusk ved Fagskulen Vestland

Oppmøtetidspunkt

Eksamenslokalet opnar 30 minutt før eksamenen startar. Møt opp i god tid før eksamenen og seinast 15 minutt før eksamenen startar.

Oppmøteregistrering og ID-kontroll

Ein eksamensvakt vil komme rundt med frammøteliste for oppmøteregistrering og ID-sjekk i løpet av den første timen av eksamenstida.

Pause og forlate eksamenslokalet

  • Du kan ikkje ta pause eller forlate plassen din før det har gått ein halv time etter eksamensstart.
  • Du kan ikkje forlate eksamenslokalet før det har gått ein time etter eksamensstart. Dette gjeld også om du skal trekke deg frå eksamen, eller er klar til å levere.
  • Du må tilkalle ein eksamensvakt for å be om pause.
  • Du skal skjule eller dekke til svaret ditt og eventuell kladd når du går frå plassen din.  

Levering

Når du er klar til å levere svaret ditt, tilkallar du ein eksamensvakt. Innlevering og registrering av svaret ditt skjer ved pulten din.  

Trekk frå eksamen (avbrot)

Dersom du blir sjuk under eksamen og ikkje er i stand til å fullføre, skal du trekke deg frå eksamen i staden for å levere svaret ditt. Sjukdom gir grunnlag for å registrere avbrotet som gyldig fråvær, slik at du ikkje bruker eitt av dine tre vurderingsforsøk i emnet.

Gyldig fråvær på eksamensdagen
Dersom du er sjuk eller har anna gyldig fråvær på vurderinga, så bruker du dette skjemaet for å melde det inn.

Du må legge ved dokumentasjon frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person som skildrar at du på grunn av sjukdom eller anna gyldig fråvær ikkje kan gjennomføre vurderinga. Det må stå i attesten kva tidsperiode dette gjeld for.

Fristen for å sende inn skjemaet er tre vekedagar etter vurderingsdatoen.

Vurderingsforsøk
Du har tre forsøk på vurdering i eit emne. Dersom ei vurdering vert registrert med gyldig fråvær, vil denne ikkje telje som eitt av dei tre forsøka.

Skjema: Melding om gyldig fråvær