Hopp til hovedinnhold

Vurdering

På denne sida finn du informasjon om vurdering ved Fagskulen Vestland.

Før du les om vurdering bør du sette deg inn i kva som gjeld for dine emne.

Fagskulen Vestland nyttar ulike former for vurderingar i ulike emne. Mange emne har også arbeidskrav som må leverast før eksamen.

Du finn informasjon om korleis eksamen og vurdering er lagt opp i emneskildringa.

Emneskildringa finn du ved å søke dei opp i studieplanen for di utdanning under overskrifta «Studiemodell», eller i emneoversikta. Hugs å velje rett semester!

Gå til: Emneoversikt

Gå til: Studiekatalaog

Gå til informasjon om det som skjer:

Før vurdering

Pass på at du har kontroll på arbeidskrava. Har du bruk for tilrettelegging må du søke om det. Om du vil ta eksamen utanfor oppsett eksamensstad, må du søke. Blir du sjuk på eksamensdagen må du ha dokumentasjon på gyldig fråvær. Gjer deg også kjent med retningslinjene for fusk! 

Dersom du har behov for tilrettelegging på grunn av funksjonsnedsetting eller andre særskilte behov, så finn du informasjon om tilrettelegging i samband med vurdering og korleis du søker her.

Gå til: Informasjon om tilrettelegging

  • For å ha rett til vurdering i emnet, så må dei obligatoriske arbeidskrava i emnet vere gjennomført og bestått.
  • Informasjon om kva arbeidskrav du skal levere i kvart emne, finn du under punktet «Arbeidskrav» i emneskildringa i studieplanen.
  • Emneskildringa finn du enten under overskrifta «Studiemodell» i studieplanen, eller du kan søke opp emnet i emneoversikta. Hugs å velje rett semester!

Gå til: Emneoversikt

  • Vil du gjennomføre eksamen i eit emne på ein annan stad enn oppsett eksamensstad? Då må du søke om det.
  • Døme på eksterne eksamensstadar er vidaregåande skular, fagskular, høgskular og universitet.
  • Du kontaktar sjølv eksamensstaden og dekker kostnader. Kostnadane blir avtalt mellom deg og den eksterne eksamensstaden.
  • Fristen for å søke er 4 veker før eksamensdatoen.

Skjema: Søknadsskjema om eksamen annan stad

Gyldig fråvær på eksamensdagen
Dersom du er sjuk eller har anna gyldig fråvær på vurderinga, så bruker du dette skjemaet for å melde det inn.

Du må legge ved dokumentasjon frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person som skildrar at du på grunn av sjukdom eller anna gyldig fråvær ikkje kan gjennomføre vurderinga. Det må stå i attesten kva tidsperiode dette gjeld for.

Fristen for å sende inn skjemaet er tre vekedagar etter vurderingsdatoen.

Vurderingsforsøk
Du har tre forsøk på vurdering i eit emne. Dersom ei vurdering vert registrert med gyldig fråvær, vil denne ikkje telje som eitt av dei tre forsøka.

Skjema: Melding om gyldig fråvær

Fusk kan ha alvorlege konsekvensar. Både fusk og forsøk på fusk (heretter kalla fusk) kan føre til at eksamen blir annullert. Du kan også bli utestengt frå all utdanning og tape retten til eksamen ved fagskulen i inntil eitt år. Medverknad til fusk eller medverknad til forsøk på fusk omfattast også av lova og kan føre til utestenging.

Her er forhold som reknast som fusk:

  • å bruke og ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen, prøve, innlevering eller liknande.
  • å legge fram andre sitt arbeid som sitt eige.
  • å sitere kjelder eller på annan måte bruke kjelder i skriftlege arbeid utan tilstrekkelege og korrekte kjeldetilvisingar.
  • ulovleg kommunikasjon og samarbeid mellom enkeltpersonar og grupper.
  • å tileigne seg fordelar ein ikkje har rett til ved eksamen, prøve, innlevering eller liknande.
  • å la ein annan gjennomføre eksamen, prøve, innlevering eller liknande for seg.

Fusk og forsøk på fusk, samt medverknad til fusk, kan bli oppdaga i eksamenslokalet av eksamensvakt eller ved annan kontroll; av sensor under sensurering, av faglærar ved innlevering av oppgåver, etter varsel frå medstudent eller andre, samt etter bruk av tekstgjenkjenningsprogram.

Retningslinjer som gjeld for fusk ved Fagskulen Vestland finn du her, og retningslinjene for kjeldebruk ved Fagskolen Vestland finn du her.

Gå til: Retningslinjer for handsaming av fusk ved Fagskulen Vestland

Gå til: Kjeldebruk ved Fagskolen Vestland

Under vurdering

Set deg inn i reglane som gjeld di vurderingsform.

Informasjon om skriftleg skuleeksamen ligg på eiga side:

Heimeeksamen

Heimeeksamen er ein skriftleg eksamen utan tilsyn med eit fastsett utleverings- og innleveringstidspunkt  

Mappevurdering

Med mappevurdering leverer du fleire arbeid i løpet av eit emne og får ein samla karakter på grunnlag av arbeida som er lagt inn i mappa. 

Hovudprosjekt

Hovudprosjekt vert gjennomført mot slutten av studiet, og inneber arbeid med ei problemstilling og innlevering av ein rapport.

Hovudprosjektet blir avslutta med ein munnleg og skriftleg eksamen.

Du finn meir informasjon om hovudprosjektet her.

Munnleg eksamen

Munnleg eksamen kan vere både ei eiga vurderingsform, eller ei justerande munnleg vurdering.

Praktisk eksamen

Praktisk eksamen er ein eksamen der du skal løyse praktiske oppgåver. Praktisk eksamen kan bli gitt individuelt eller i grupper, og kan inkludere element av skriftleg og/eller munnleg eksaminasjon.

Etter vurdering

Sensur skal vere klar tre veker etter vurdering. Resultata finn du i Visma in School. Når du har fått resultatet ditt, har du høve til å be om grunngjeving og eventuelt klage.

Sensuren er klar tre veker etter vurderinga. Du finn resultata dine i Visma in School.

Vurderingsuttrykket er bestått/ikkje bestått vurdering eller gradert karakter frå A til E for bestått vurdering og F for ikkje bestått vurdering.

Karakterskalaen A-F gis etter følgjande allmenne, kvalitative kriterium:

A

Framifrå

Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Studenten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

B

Mykje god

Mykje god prestasjon. Studenten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.

God

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Studenten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

Nokså god

Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar.
Studenten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.

E

Tilstrekkeleg

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.

F

Ikkje bestått

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava.
Studenten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

Fristen for å be om grunngjeving for karakter er innan ei (1) veke etter at karakteren er kunngjort på Visma in School.

På munnleg eksamen må du be sensor om grunngjeving rett etter at du har mottatt karakteren. Grunngjevinga blir gitt av sensor munnleg på telefon eller skriftleg i digitalt eksamenssystem eller på e-post.

Behandlinga av grunngjeving for karakterfastsetting kan ta inntil 2 veker.

Reglane som gjeld grunngjeving av karakter ved Fagskulen Vestland finn du her. Dersom du ønsker grunngjeving for karakter, må du bruke dette skjemaet.

Gå til: § 3-6.Grunngjeving for karakterfastsetting

Skjema: Grunngjeving for karakter

Fristen for å klage på karakter er tre veker etter at karakteren er kunngjort, eller du har mottatt grunngjeving for karakter dersom du har bedt om det.

Vi oppfordrar deg til å be om grunngjeving for karakteren før du sender inn klagen, men dette er ikkje eit krav.

For å klage på ein karakter bruker du dette skjemaet

Når du klagar på karakter kan resultatet bli betre, likt eller dårlegare enn den opphavlege karakteren.

Den nye karakteren er endeleg og du kan ikkje klage på den. Klagesensorane får ikkje kjennskap til din opphavlege karakter, sensor si grunngjeving for denne eller di grunngjeving for klaga.

Skjema: Klage på karakter

Dersom du meiner at det er gjort ein feil av Fagskulen Vestland i gjennomføringa av vurderinga, kan du klage på formelle feil.

Fristen for å klage på formelle feil er tre veker etter at du er blitt kjent med feilen, eller burde ha gjort deg kjent med denne, jamfør § 5-5 i Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland.

Klagen må innehalde ei utfyllande forklaring for kvifor du klagar, inkludert namn på emnet, dato for gjennomføring av vurderinga og vurderingsforma, og klagar sin kontaktinformasjon.

Du sender klage på formelle feil til Fagskulen Vestland på denne e-postadressa: fagskulenvestland@vlfk.no.

Gå til skjema: