Hopp til hovedinnhold

Pensum og oppgåveskriving

Her finn du informasjon om pensumlitteratur, tilgang til tidsskrift, forskning og aviser, og informasjon om oppgåveskriving.

 

Pensumlitteratur

Du finn informasjon om pensumlitteratur i studieplanen for di utdanning.

Det er lurt å vente med innkjøp av pensum til studiestart, då enkelte pensumlister kan vere utdaterte.

Finn studieplanen din her

Opne tilgangar

Meir og meir forskning blir gjort opent tilgjengeleg på nettet. Her er nokre lovlege tenester og verktøy som du kan bruke for å finne fram til open forskning og andre kjelder.

Nettstaden openforskning.no har samla informasjon om databasar du kan bruke. 

Studentar på helse- og oppvekstfag kan nyte godt av den offentlege tenesta Helsebiblioteket. Her kan du registrere deg som student og få full tilgang til svært mykje god informasjon.

Universitetesforlaget sin portal, Idunn, har også ei rekke opne artiklar, tidsskrift og bøker.

I Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek er det open tilgang til svært mykje. Du kan få mellombels tilgang til lukka materiell ved å søke om det.

Bilde som viser korleis unpaywall fungerer

Legg til Unpaywall

Å finne fram til open forskning kan vere ein jungel. Med ein plug-in i nettlesaren din, kan du søke i kva som helst database og få varsel dersom artikkelen er opent tilgjengeleg. Vi anbefalar Unpaywall.

Oppgåveskriving

Nettsida Søk & Skriv er laga for alle studentar som ønsker å lære meir om informasjonssøk, studieteknikk og akademisk skriving, uavhengig av studiestad og -emne.

Les meir hos Søk & Skriv

Kjeldebruk og referansestilar

I oppgåver og hovudprosjekt er det krav til bruk av referansar. Kjeldene skal refererast på ein bestemt måte og Fagskulen Vestland brukar APA-stilen.

Du finn meir informasjon om korleis du set opp referansane på korrekt måte på nettsida Søk og skriv.

Les om referansestilen APA 7th