Utdanning til dekksoffiser gir den teoretiske kompetansen som blir kravd for å løyse høgaste sertifikat som dekksoffiser (D1) etter gjeldande krav. Utdanninga går over to skuleår.
Studiestad: Austevoll, Måløy eller Nygård
Utdanningsform: Stadbasert, heiltid
Studiepoeng: 120
Varigheit: 2 år
Studieplan: Austevoll, Måløy, Nygård
Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024
Studiet er på 120 studiepoeng, og er ei fulltidsutdanning over 2 år. Bestått eksamen gir deg nødvendig kunnskap til å løyse sertifikat som styrmann/kaptein, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som blir kravd for å løyse sertifikat (Sjøfartsdirektoratet).
Ved studiestad Måløy er det mogleg å avslutte utdanninga etter eitt år, med kompetansen som blir kravd for å løyse det lågaste sertifikatet som dekksoffiser (D4) etter gjeldande krav.
Opptak
Alle søkarar må ha bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring IMO 60.
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- fiske og fangst
- matrosfaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande.
Du skal dokumentere:
- Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (matros eller fiske og fangst). Relevant praksis kan være innenfor tekniske fagområder (verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), teknisk planlegging, logistikk, eller sjøfart.
- For opptak til dekksoffiserutdanningen må den relevante yrkespraksisen bestå av minimum 36 måneder relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy (fiskebåt over 10,67 meter, eller andre fartøy over 15 meter).
- Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her