Klar for å ta steget vidare? Næringslivet har stor bruk for nye fagskuleingeniørar som kan berekne, planlegge og koordinere.
Studiestad: Nordnes
Utdanningsform: Heiltid eller nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 120
Varigheit: 2 år på heiltid, 3 år på deltid
Studieplan: Bygg Nordnes
Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024
Ei fagskuleutdanning i bygg gir ingeniør - og mellomleiarkompetanse i ein bransje som er i stadig utvikling. Ny teknologi påverkar og forbetrar arbeidsprosessane i byggebransjen. Hos oss får du kompetanse til å meistre bruken av ny teknologi og digitale hjelpemiddel.
Kompetanse og jobbmogelegheiter
Som student ved byggutdanninga ved studiestad Nordnes i Bergen får du opplæring i BIM med modelleringsprogrammet Revit i samspel med konstruksjon og prosjekteringsprogrammet Focus RAT.
Vi har også eit av landets mest avanserte laboratorium for energiforsyning og klimakontroll av bygningar. Laben er utgangspunkt for tverrfagleg samarbeid med VVS, elektro og byggautomasjonslinja.
Saman med simuleringsprogrammet Simien gir laben eit solid grunnlag for prosjektering etter gjeldande forskrifter for energibruk i bygningar. Dette gjer oss i stand til å levere aktuell og oppdatert undervisning mot dei strenge krava som møter byggebransjen framover med omsyn til grøn omstilling, sirkulærøkonomi, berekraft og energieffektive bygg.
Fagskuleutdanninga gjer deg attraktiv på arbeidsmarkanden, og tilfredsstiller teorikrava til meisterbrev.
Typiske arbeidsoppgåver for ein fagskuleingeniør vil vere berekning, planlegging og koordinering av produksjon, innkjøp og personressursar i eit byggeprosjekt.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på heiltid.
Gjennomføringsmodellane er slik:
- To år på heiltid, fysisk på Nordnes i Bergen.
- Tre år på deltid, nettbasert med samlingar på Nordnes.
- Det er tre samlingar kvart semester. Kvar samling varer ei veke med 40 undervisningstimar.
Vi forstår at du kan ha jobb, familie og andre forpliktingar. Studia våre er derfor laga slik at dei er moglege å gjennomføre ved sidan av andre livsroller. Vi fører ikkje fråvær, og obligatorisk oppmøte gjeld kun for arbeidskrav som laboratorieoppgåver, gruppepresentasjonar, eller deltaking i prøvar og eksamenar.
Undervisninga er i stor grad bygd opp rundt reelle problemstillingar der studentane prosjekterer bygningar av tre, betong og stål på ulike kompleksitetsnivå, slik det vert gjort i næringslivet.
Som student hos oss vil du møte lærarar med solid erfaring frå byggesak, prosjektering, prosjektleiing, byggeplassleiing og bygningsproduksjon.
Mange av lærarane har fagbrev og fagskuleutdanning som grunnlag for ingeniør og sivilingeniørgrad. Noko som gjer oss godt rusta til å basere undervisninga på praktisk erfaring frå bygge- og anleggsplass.
Fagskulen Vestland har inngått ein avtale med VIA Horsens, Danmark, om vidareutdanning for våre studentar. VIA Horsens er ein profesjonsfagleg høgskule som tilbyr utdanning innan bl.a. Bygningskonstruksjon, og avtalen inneber at bygg-studentar ved Fagskulen kan dra til Horsens etter tre semester for å fortsette utdanninga og oppnå graden «Profesjonsbachelor i bygningskonstruksjon».
Les meir om utdanninga ved VIA Horsens her.
Etter fullført studium kvalifiserer du også til opptak på bachelor i byggeplassledelse, ved Høyskolen for Yrkesfag. Dette kan du lese meir om her.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- anleggsmaskinfører
- asfaltfaget
- banemontør
- byggdrifterfaget
- betongfag
- feierfaget
- fjell- og bergverksfaget
- glassfaget
- industrimalerfaget
- isolatørfaget
- limtreproduksjonsfaget
- malerfaget
- murerfagt
- rørleggerfaget
- steinfaget
- stillasbyggerfaget
- tak- og membrantekkerfaget
- trevare og bygginnregningsfaget
- trelastfaget
- tømrerfaget
- ventilasjons- og blikkenslagerfaget
- veg- og anleggsfaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande. Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her