Boring er ei utdanning som går djupare ned i fasane i boreoperasjonen i samband med olje- og gassbrønnar og påfølgjande klargjering for å tilfredsstille krav til teoretisk opplæring som borer og boresjef. Boreteknikaren vil også vere godt eigna til andre stillingar knytt til borevæsker, borevæskesystem, trykkontrollsystem og boreutstyr.
Studiestad: Nygård
Utdanningsform: Stadbasert, heiltid
Studiepoeng: 120
Varigheit: 2 år
Studieplan: Boring Nygård
Oppdatert studieplan og litteraturliste for denne utdanninga er framleis under arbeid.
Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024
Praktisk informasjon om utdanninga
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på fulltid.
Studentar som jobbar offshore med turnus 4/2 kan søkje om tilrettelagd gjennomføring.
Alle søkjarar må ha fullført og bestått tverrfagleg eksamen i VG2 Brønnteknikk.
Offentleg godkjend tverrfagleg eksamen i Vg2 Brønnteknikk kan bli erstatta av kursbevis frå bestått 420 timars grunnleggande kurs i bore- og brønnteknikk avlagt før 1. august 2007.
Følgjande opptakskrav gjeld i tillegg til eksamen i Brønnteknikk:
1. har fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev, eller
2. Har tilstrekkelig relevant erfaring til å søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse, eller
3. Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule.
Relevante fagbrev er:
Betongfaget
Boreoperatørfaget
Brønnfaget, komplettering
Brønnfaget, kveilerøroperasjoner
Brønnfaget, elektriske kabeloperasjoner
Brønnfaget, havbunnsinstallasjoner
Brønnfaget, mekaniske kabeloperasjoner
Brønnfaget, sementering
Alternativt kan du ha bestått tverrfagleg eksamen i VG2 Brønnteknikk og ha et av følgjande fagbrev:
Teknikk og industriell profuksjon:
Aluminiumskonstruksjonsfaget
Anleggsmaskinmekanikerfaget
Brønnfaget, komplettering
Brønnfaget, kveilerøroperasjoner
Billakkererfaget
Bilfaget, lette kjøretøy
Bokbinderfaget
Boreoperatørfaget
Brønnfaget, elektriske kabeloperasjoner
Brønnfaget, havbunnsinstallasjoner
Brønnfaget, mekaniske kabeloperasjoner
Brønnfaget, sementering
Bilskadefaget
Bilfaget, tunge kjøretøy
Chassispåbyggerfaget
CNC-maskineringsfaget
Dimensjonskontrollfaget
Industritekstilfaget, fiskeredskap
Finmekanikerfaget
Grafisk emballasjefaget
Gjenvinningsfaget
Grafisk produksjonsteknikk
Garverifaget
Hjulutrustningsfaget
Industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling
Industritekstilfaget, garnframstilling
Industrimekanikerfaget
Industrimontørfaget
Industrioppmålingsfaget
Industriell overflatebehandling
Industrirørleggerfaget
Industriell skotøyproduksjon
Industrisømfaget
Industrisnekkerfaget
Industritapetsererfaget
Industritekstilfaget, trikotasje
Industritekstilfaget, veving
Chassispåbyggerfaget
Kjemiprosessfaget
Kran- og løfteoperasjonsfaget
Laboratoriefaget
Landbruksmaskinmekanikerfaget
Låsesmedfaget
Maritim innredning
Motormekanikerfaget
Modellbyggerfaget
Motormannfaget
Motorsykkelfaget
Matrosfaget
NDT-kontrollørfaget
Platearbeiderfaget
Plastmekanikerfaget
Polymerkomposittfaget
Produksjonsteknikkfaget
Reservedelsfaget
Serigrafifaget
Støperifaget
Sveisefaget
Termoplastfaget
Tekstilrensfaget
Tømrarfaget
Trykkerfaget
Vaskerifaget
Verktøymakerfaget
Elektrofag:
Automatiseringsfaget
Avionikerfaget
Dataelektronikerfaget
Elektrikerfaget
Energimontørfaget
Energioperatørfaget
Elektroreparatørfaget
Flymotormekanikerfaget
Flystrukturmekanikerfaget
Flysystemmekanikerfaget
Fjernstyrte undervannsoperasjoner
Heismontørfaget
Kulde- og varmepumpemontørfaget
Maritim elektrikerfaget Vg4
Produksjonselektronikerfaget
Romteknologi
Signalmontørfaget
Tavlemontørfaget
Telekommunikasjonsmontørfaget
Togelektrikerfaget
Viklerfaget
Vikler- og transformatormontørfaget
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:
Du må dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna Opptak.