Hopp til hovedinnhold

Studielån, stipend og kostnader

Lurer du på kor mykje det kostar å studere ved Fagskulen Vestland? Vi har samla informasjon om dette på denne sida - samt kva du kan få i støtte.

Studielån og stipend

Alle utdanningane ved Fagskulen Vestland er NOKUT-godkjente, og studentane kan søke om lån og stipend i Lånekassen.

Andre kurs gir ikkje støtte i Lånekassen.

Studieavgift

  • Studentar ved nett- og samlingsbaserte utdanningar betaler ei studieavgift på 3.000 kroner per semester, i tillegg til semesteravgifta.
    • Studentar ved dei helsefaglege utdanningane, og utdanninga Lokal matkultur, er unntatt frå denne avgifta.

 

  • Studentar ved stadbaserte utdanningar (ikkje nett- og/eller samlingsbasert) betaler ikkje studieavgift.

 

Fristen for betaling av studieavgifta er sett til 30. september. Skal du ikkje studere hos oss likevel? Då må du melde frå til oss før betalingsfristen.

Semesteravgift

  • Fagskulen Vestland er medlem i studentsamskipnaden på Vestlandet, Saman.
  • Alle studentar skal betale semesteravgift til Saman, avgifta er sett til 690 kroner per semester.
  • 40 kroner av denne avgifta er frivillig, og går til Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond, som jobbar for at alle unge mennesker skal ha tilgang til god utdanning.
  • Fagskulen fakturerer studentane for semesteravgifta etter studiestart.
 
Materiell og utstyr

Studentane må sjølv dekke kostnader knytt til bøker, kalkulator, PC, lisensar, osv.