Behovet for digital kompetanse i alle delar av samfunnet er aukande. Etterspurnaden etter BIM-teknikar (Bygnings Informasjons Modellering) som kan koordinere digitale planleggings- og samarbeidsprosessar er stor. BIM-teknikaren må kunne orientere seg i ein tverrfagleg kvardag, samtidig som ho/han kan utøve og tileigne seg avansert kompetanse på eige fagfelt.
Utdanningsform: Nettstudium, deltid
Studiepoeng: 60
Varigheit: 2 år
Studieplan: BIM-teknikar
Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024
SØK HER!
Utdanninga passar for
Utdanninga passer for deg som har fagbrev innan bygg og anlegg eller innan tekniske installasjonar. Du vil jobbe med modellering av bygg eller koordinering av prosessar ved hjelp av BIM-modellar. Den vil og passe for dei som skal leie byggeprosjekt gjennom BIM-modellar.
Yrkestittelen BIM-teknikar gir deg svært gode jobbmoglegheiter hos større entreprenørar, rådgivarar, programvareleverandørar, arkitektfirma, ferdighus-fabrikantar og i undervisningssektoren.
Fordjuping gir kompetanse til å modellere med 3D-modelleringsprogram. Ein haustar bl.a. planteikningar, snitt-teikningar, fasadeteikningar, mengder og 3D-visualisering av modellane. Ulike modellar baserte på ulike modelleringsprogram blir samanlikna i ein modellsjekkar for å unngå kollisjonar og sørge for effektiv og sikker planlegging og bygging.
Praktisk informasjon om utdanninga
Dette studiet gir 60 studiepoeng, noko som tilsvarer eit eittårig heiltidsstudium. Studiet er nettbasert over to år.
Gjennomføringsmodell for kvart skuleår nettbasert er slik:
- Ni nettsamlingar med to undervisningsdagar per samling. Sju og ein halv time undervisning per dag.
Studiet er basert på digitale samlingar, innleveringsoppgåver, prøvar/testar ved hjelp av digitale dataverktøy. Det er spesifiserte arbeidskrav i alle emne som må oppfyllast i samsvar med studieplanen.
Undervisninga på samlingane skjer på dagtid, morgon til ettermiddag.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- automatiseringsfaget
- betongfaget
- byggdriftarfaget
- elektrikerfaget
- industrisnekkarfaget
- isolatørfaget
- kulde- og varmepumpemontørfaget
- limtreproduksjonsfaget
- murarfaget
- røyrleggjarfaget
- tak- og membrantekkjarfaget
- trelastfaget
- trevare- og bygginnreiingsfaget
- tømrarfaget
- veg- og anleggsfaget
- ventilasjons- og blekkslagarfaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande. Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her