Yrkes-NM 2025
Yrkes-NM er ein nasjonal konkurranse der lærlingar og unge fagarbeidarar får høve til å vise fram talentet og ferdigheitene sine.
Dato: 1. - 3. april
Arrangør: Vestland fylkeskommune og lokale opplæringskontor
Pris: Gratis
Deltakarane konkurrerer innanfor ulike yrkesdisiplinar, og konkurransen gir dei moglegheit til å måle seg mot dei beste i landet. Yrkes-NM bidreg til å auke anerkjenninga av yrkesfag, skape stoltheit og inspirere til vidare utvikling. Arrangementet er ei feiring av yrkesfaga og ein viktig del av rekrutteringsarbeidet til yrkesfaglege utdanningar.
Yrkes-NM blir arrangert annakvart år og fungerer som uttak til Yrkes-EM og Yrkes-VM.
Fagskulen Vestland vil vere til stades på arrangementet med eigen stand og fleire ulike aktivitetar.
Fagskulen Vestland sitt program
Tysdag 1. april
Stand i teltet | Kom og snakk med oss om utdanning! | 09:00 - 18:00 |
I hallen: | ||
Høgspent-lab | Her blir det gnist og smell! | 10:00 - 11:00 - 12:30 - 13:30 - 14:00 |
Automatisering | Test av labutstyr | 09:00 - 18:00 |
Landmåling | Prøv deg som landmålar | 10:00 - 14:00 |
Betongtesting og materialvegg | Knekking av betongklossar | 09:00 - 18:00 |
Skanning | Prøv vår avanserte 3D-skanner | 09:00 - 18:00 |
Onsdag 2. april
Stand i teltet | Kom og snakk med oss om utdanning! | 09:00 - 18:00 |
Kurs for næringslivet: "Presentasjonar på 1-2-3" | Les meir om kurset her | 08:00 - 12:00 |
I hallen: | ||
Høgspent-lab | Her blir det gnist og smell! | 10:00 - 11:00 - 12:30 - 13:30 - 14:00 |
Automatisering | Test av labutstyr | 09:00 - 16:00 |
Landmåling | Prøv deg som landmålar | 10:00 - 14:00 |
Betongtesting og materialvegg | Knekking av betongklossar | 09:00 - 16:00 |
Skanning | Prøv vår avanserte 3D-skanner | 09:00 - 16:00 |