Hopp til hovedinnhold

Fagleg påfyll for grøn omstilling

Byggebransjen står framfor store endringar i møte med stadig nye miljøkrav. Fagskulen Vestland tilbyr ei eiga utdanning som skal hjelpe bedriftene på vegen mot grøn omstilling. No stiller lærarane våre opp på ei rekke fagdagar for å gje deg oppdatert kunnskap om både utfordringar og løysingar for grøn omstilling. Bli med!

Gå til:

Fagdag i Bergen 11. mars

Dato: 11. mars
Stad: Nordre Nøstekaien 1, Bergen (kart)
Arrangør: Fagskulen Vestland, EBA Vestenfjelske, NHO og Kunnskapsparken Vestland
Pris: Gratis
Mat: Vi serverer lunsj.
Påmeldingsfrist: 10. mars
Tidsplan:
  • 09 - 11: Program med innleiarar.
  • 11 - 12: Vi serverer lunsj.
Har du ikkje tid til å ete hos oss? Då får du med deg matpakke.
 
Meld deg på fagdag i Bergen
På programmet står mellom anna:
  • Introduksjon til berekraft i byggenæringa
  • Gjenbruk i praksis
  • Energirådgjeving - Kva lønner seg?
  • Utfordringar med resertifisering av materialar
  • Livsløpsplanlegging og ombrukskartlegging
  • Alternative byggematerialar

Digital fagdag 20. mars

Dato: 20. mars
Tid: 08.30 - 11.00
Stad: Møtelenke blir sendt ut.
Arrangør: Fagskulen Vestland og Kunnskapsparken Vestland
Pris: Gratis

Meld deg på digital fagdag

På programmet står:

  • Introduksjon til berekraft i byggenæringa
  • Energirådgjeving - Kva lønner seg?
  • Utfordringar med resertifisering av materialar
  • Livsløpsplanlegging og ombrukskartlegging
  • Regelverk og økonomi - krav og moglegheiter