Betre presentasjonar på 1 – 2 – 3
Vil du gjere presentasjonane dine meir profesjonelle, truverdige og engasjerande? Dette korte formiddagskurset gir deg praktiske tips for å gje presentasjonane dine eit løft.
Tid: 2. april frå 08-12.
Stad: Fagskulen Vestland sine lokale på ytre Øyrane i Førde.
Mat: Det blir servert frukost.
Forkunnskap: Ingen.


Kurset passar for deg som ofte presenterer i jobbsamanheng, og som vil styrke både innhald og formidlingsevne. På kurset lærer du enkle grep og triks for å lage presentasjonar med betre innhald, form og gjennomførring. Du får teste alt på din eigen PC undervegs.
Meld deg påKurshaldarar er Magnhild Rommetveit Fivelstad, Terje Lyngstad, Karin Piel, lærarar kommunikasjon, marknadsføring og leiing ved Fagskulen Vestland.
Program
08.15 – 08.30 |
Registrering |
08.30 – 09.00 |
Introduksjon av workshopen |
09.00 – 09.30 |
Frukost |
09.30 – 10.00 |
Korleis vekke interesse hjå mottakaren og skape flyt i presentasjonen? |
10.00 – 10.15 |
Pause og mingling |
10.15 – 11.00 |
Korleis skape truverdig innhald i presentasjonar, og korleis utøve det i praksis? |
11.00 – 11.15 |
Pause og mingling |
11.15 – 11.50 |
Korleis løfte presentasjonen ved hjelp av ulike teknikkar? |
11.50 – 12.00 |
Oppsummering og takk for i dag |