Etterspurnaden etter kompetansen til arboristar er aukande. Fleire større offentlege bedrifter og kommunar stiller krav til denne kompetansen i anbod på vedlikehald av tre / grøntanlegg. Som arborist arbeider du profesjonelt med tre. Arborist er eit fysisk yrke og gjennom studiet må alle studentane arbeida praktisk i trekronene. God fysikk og det å tole høgder er nødvendig.
Studiestad: Hjeltnes
Utdanningsform: Samlingsbasert, deltid
Studiepoeng: 60
Varigheit: 2 år
Studieplan: Arborist
Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024
Praktisk informasjon om utdanninga
Arboristutdanninga er ei deltidsutdanning over 2 skuleår (60 studiepoeng). Du får opplæring mot arboristyrket gjennom teori/førelesningar, praktiske øvingar, oppgåveløysing både heime og i skole, prøvar/ testar og praksisdagar. Skolen bruker gode lærarar frå fagmiljøet i Noreg.
Det er ti samlingar i året, om lag ei veke i månanden. Dei fleste er lagt til studiestad Hjeltnes, men nokre samlingar blir også lagt til andre stader.
I tillegg til opplæring på skulen, må du ha praksis i bedrift. Det første året er det krav til 5 veker praksis i bedrift, det andre året 7 veker praksis. Du som student må sjølv skaffa deg praksisbedrift.
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført vidaregåande utdanning i naturbruk
- landbruk
- gartnar
- studieførebuande naturbruk
- fagbrev
- anleggsgartnar
- skogfaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.