Hopp til hovedinnhold

Klar for å ta steget vidare? Med fagskuleutdanning i anlegg har du mange jobbmoglegheiter i ein stor, viktig og spennande bransje.

Studiestad: Voss
Utdanningsform:
Nettbasert med samlingar
Studiepoeng:
120
Varigheit: 3 år
Studieplan: Anlegg Voss

Neste studietart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april 2024

SØK HER!

Utdanninga passar for deg med bygg- og anleggslinje frå vidaregåande skule, eller som har erfaring frå arbeid innan ulike anleggsfag.

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Hos oss får du kompetanse til å berekne, planlegge og koordinere produksjon, innkjøp  og personressursar for anleggsarbeid.
 
Anleggsutdanninga omfattar også landmåling/geomatikk, kommunalteknikk, anbod og kalkulasjon, geoteknikk, fjellarbeid, anleggsdrift og prosjektstyring.
 
Som fagskuleingeniør med fordjuping i anlegg kan du søke på stillingar som entreprenør, konsulent, anleggsleiar, oppsynsmann og kontrollør, kommuneteknikar, stikningsteknikar, eller starte eiga bedrift.
 
Saman med praktisk-pedagogisk utdanning, kan du også søke på stillingar som faglærar.
 

Oppbygging og arbeidsmåtar

Utdanninga består av åtte emne, inkludert hovudprosjekt.
Studiet er på 120 studiepoeng og gjennomføringsmodellen er slik:
 
  • Tre år på deltid, nettbasert med samlingar på Voss.
    • Det er tre obligatoriske samlingar kvart semester.
    • Kvar samling varer ei veke med 40 undervisningstimar.
Mellom samlingane er det nettbasert undervisning og rettleiing.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • anleggsmaskinførarfaget
    • asfaltfaget
    • anleggsgartnerfaget
    • banemontørfaget
    • anleggsmaskinmekanikerfaget
    • landbruksmekanikerfaget
    • betongfaget
    • fjell- og bergverksfaget
    • murarfaget
    • røyrleggjarfaget
    • steinfaget
    • tømrarfaget
    • veg- og anleggsfaget

 

  • realkompetanse
Realkompetanse

Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande.  Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her