Hopp til hovedinnhold

Grøn omstilling i byggebransjen

Byggingeniør skriv ned informasjon inne i eit renoveringsprosjekt.

Byggebransjen må omstille seg for å møte krav om berekraft, og treng mange fagfolk med rett kompetanse. Fagskulen tilbyr den første utdanninga i Noreg for grøn omstilling i byggebransjen.

Studiestad: Førde
Utdanningsform: Nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 60
Varigheit: To år på deltid
Studieplan: Grøn omstilling i byggebransjen

Neste studiestart: August 2024
Søknadsfrist: 15. april

SØK HER!Noreg har som mål å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050 og regjeringa har kome med tydelege signal om at byggebransjen skal bidra i omstillinga. 

Nye lovkrav, forskrifter og retningslinjer vil bli innført i stort tempo framover, og ein del er allereie innført. Eit døme er EU sitt krav om 70 prosent ombruk eller materialgjenvinning av avfall frå bygg- og anlegg. Dette er Noreg forplikta til, men ligg framleis godt under 50 prosent.

Grøn omstilling i byggebransjen er ei eittårig utdanning over to år. Målet er å utvikle ei berekraftig byggenæring i samarbeid med aktørar i bransjen. 

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Studiet gjev det oversikt over kva miljøkrav som gjeld, og gjer deg i stand til å følge med på dei stadig nye krava som kjem.

Du får kompetanse innan forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av bygg, og som bygge- og prosjektleiar med fokus på berekraft.

Studiet gir deg også kunnskap om sirkulær økonomi, og kompetanse som ombrukskartleggar og energirådgjevar. Med denne utdanninga kan du søke om oppføring i Enova sitt rådgjevarregister for energirådgjevarar.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Utdanninga er på 60 studiepoeng, noko som svarar til eitt år på fulltid. Studiet vårt går over to år på deltid, og er nettbasert med fysiske og digitale samlingar.

Det er tre fysiske samlingar som kvar går over tre dagar, og seks digitale samlingar som kvar går over to dagar. Undervisinga er på dagtid.

I undervising og vurdering er det lagt opp til mykje prosjektarbeid, både individuelt og i gruppe.

Det første året er det lagt opp til ei grunnleggande innføring i realfag, kommunikasjon og økonomi, i tillegg til berekraft, miljø og klima og materialkunnskap med fokus på berekraft.

Det andre året er ei fordjuping innan livsløp og levetid til bygg, energirådgjeving, sirkulær økonomi og ombruk, og prosjektleiing og sertifisering.

På dei fysiske samlingane er det lagt opp til lab, bedriftsbesøk og prosjektarbeid, med påfølgande arbeid mellom samlingane.

Les meir i studieplanen

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

  • fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
    • betongfaget
    • byggdriftarfaget
    • feiarfaget
    • glasfaget
    • isolatørfaget
    • kulde- og varmemontørfaget
    • murarfaget
    • røyrleggjarfaget
    • tak- og membrantekkjarfaget
    • trelastfaget
    • trevare- og bygginnreiingsfaget
    • tømrarfaget
    • ventilasjons- og blekkslagarfaget
  • realkompetanse
Realkompetanse

Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande.  Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her